EDO - Svigermors draum
Produktbeskrivelse
EDO - over 30 år i musikkens teneste.
EDO - eller "Ekelands Danseorkester" som det opprinnelig var kalt, såg dagens lys våren 1975, og orkesteret vart snart kjend for sitt varierte repertoar og gode kontakt med publikum. Bandet var svært aktive rundt i heile landet fram til 1988, og i to år, i - 79 og - 80 spelte orkesteret på heiltid. Etter ei tid med store utskiftingar av både repertoar og medlemmer, er det i dag berre "sjefen sjølv" Lars Johan Ekeland som framleis er med. Repertoaret har også endra seg radikalt, og i starten av dette hundreåret (og for så vidt tusenåret...red anm.) fant bandet sitt absolutte haldepunkt.
Bassist Ove Eikemo la for dagen eit talent som både tekst- og låtskrivar, og låtane hans på dialekt gjev ofte eit humoristisk syn på livets små trivialitetar. Dette viste seg å slå så godt an hos publikum at det i 2004 vart gjeve ut CD med 12 av låtane.
Mykje av musikken kan etter kvart plasserast litt i same kategori som Vassendgutane og Åsmund Åmli Band - såkalla "Bygdakøntri" - men det som er særeige for EDO er at de også har låtar som skil seg ut i form av vakre balladar og trubadurmusikk.
Hausten 2008 gjekk EDO på ny i studio for å laga ein komersiell oppfølgar til sin første CD, og resultatet blei CD-plata "Svigermors draum" som skal lanserast 14. mars.
Låten "SVIGERMOR", som er å finna på den nye plata, er for mange allereie kjent frå "NRK 1 - Dansefot-jukebox".
På den nye CD-en trong EDO ei damestemme til duetten "OSS TO." Ålesund-jenta Hilde Fjørtoft (www.hilde-fjortoft.no) vart eit naturleg val, og nå om dagen er også musikkvideoen med "OSS TO" å finne på "Dansefot-jukebox."
Det er denne låten som er nr. 1 i promoteringsrekkefølgen i forkant av platelanseringa.
"PÅ TERASSEN" er nr. 2, for dette vert truleg ein velsigna gladlåt som vil strøyme ut av radioane og cd-spelarane etter kvert som det blir varmaer i været!
For ytterligere informasjon, ta kontakt med Vegar Laurendz Pedersen på
tlf: 90117292 eller E-post: vlp@karmoylydstudio.no
Eller gå inn på:
http://www.edo-music.com
EDO består i dag av:
Lars Johan Ekeland (vokal)
Ove Eikemo (bass/vokal)
Finn Tore Hellesen (gitar)
Jan Kristian "Dutte" Hellesen (slagverk)
Stig Louis Myklevold (piano/orgel/vokal)

Musikk







